Sorry, Erna, for at me er så stygge med venninna di

sorry, erna, for at me er så stygge med venninna di

SLIT: Erna Solberg og Christine Meyer har skulda på media fordi Høgre slit med å styra Bergen.

Sorry, Erna, for at me er så stygge med venninna di

(Bergensavisen): Du har rett Erna.

Det var media som snoka fram at mannen din dreiv med storstilt daytrading medan du styrte landet.

No er det òg media som gjer livet surt for Christine Meyer og byrådet i Bergen. Det er iallfall det den tidlegare statsministeren seier til BA.

Du har jo heilt rett, Erna Solberg. Media kan vera vanskelege å ha med å gjera.

Media har skrive om at byrådet som Meyer styrer har underfinansiert skulane i Bergen, på ein måte som gjer at rektorar fryktar at dei må bryta lova.

Media har skrive om at Christine Meyer, på direktesendt TV i valkampen, lova at det ikkje skulle komma nokon omkamp om Bybanen til Åsane om ho fekk styra byen. Omkamp vart det likevel. Det er det mange som er glade for. Uansett eit spektakulært løftebrot.

Media har skrive at byrådet har utsett ei rekke av dei store sakene dei lova å legga fram.

Media har skrive at byrådet har venta i fem månadar på å legga fram kritiske klagesaker, som potensielt kan gjera reguleringsplanen for bybanetraseen mot Åsane ugyldig.

Media har skrive om at byrådet greidde å rota det skikkeleg til då dei ville kasta styreleiaren i Eviny, utan å informera verken styreleiaren, nabokommunane eller den største aksjonæren innan rimeleg tid.

Media har skrive om at det har tatt uvanleg lang tid å få utnemnd ein ny finansbyråd, etter at den førre finansbyråden gjekk av grunna det den førre statsministeren tydelegvis meiner berre er bagatellar. Altså at byrådet følger reglane.

Media har skrive om at kommunen skulle kutta 85 millionar i løpet av første halvår i 2024, men berre greidde å levera kutt på 33 millionar då dei leverte forslag til revidert budsjett, og styrer mot eit underskot på 800 millionar kroner.

Media har skrive om at Meyer reiste på tur til Danmark saman med høgrefolk, og først sende rekninga til kommunen. Før ho ombestemte seg og lét Høgre ta rekninga, for det ho framleis hevda var ein kommunal tur.

Media har skrive om at byrådet gjekk inn i det ein rekna med ville vera eit tøft 2024, utan nokon buffer til å dekka overforbruket med.

Media har skrive om at byrådet i staden for å levera kutt, har planlagt å tømma sparegrisen for å greia å få budsjettet til å gå opp.

Media har skrive om at byrådet ikkje greidde å levera på bystyret si bestilling om at utviklingshemma skulle få reisa på sommarferie. I staden fekk 19 personar, som tidlegare har fått reisa, avslag. Media har dokumentert at kommunen endra kriteria undervegs i prosessen. Byrådet har etter press, mellom anna frå media, tatt grep slik at dei fleste likevel får reisa.

Media har skrive om at vikarbudsjettet ved ei rekke barnehagar i Bergen var brukt opp allereie i februar, og at barnehagane slit med å ha forsvarleg bemanning.

Dette har ikkje media gjort fordi dei har noko i mot Christine Meyer eller partiet Høgre. Media har skrive om dette fordi det er midt i kjerneoppdraget til media å skriva om nettopp denne typen saker.

Kanskje Erna Solberg meiner dette er formalitetar og bagatellar. Det meiner ikkje bergensarane.

Bergensarane forventar nemleg meir av dei som styrer byen, og dei forventar at media skriv om desse sakene.

Det heile minner faktisk litt om starten til den sittande regjeringa. Burde media ha skrive mindre om alt det tullet dei fann på?

Det trur eg eigentleg at Erna Solberg ikkje meiner. Sjølv om ho tyr til argumentet til dei som manglar argument, nemleg å skulda på media.

Bergen er nemleg ein by med to sterke aviser, eit distriktskontor i NRK og ei rekke bydelsaviser, som tek jobben sin på alvor.

Det gjer at ein ikkje slepp unna med rot, løftebrot, eller feil, utan at media skriv om det.

Og, ja. Media har gjort det vanskeleg for Christine Meyer. Det er nemleg jobben til media.

Eg skulle gjerne ha skrive langt meir om reelle politiske debattar, om suksessane til byrådet, om politikarar som gjer tøffe, gjerne upopulære, men nødvendige grep.

Men. Det er ikkje det som har prega politikken i Bergen etter valet.

Det som har prega politikken i Bergen, er i staden eit byråd som har streva og rota, ein opposisjon som har vore opptatt av å ta byrådet på formelle feil, og støtteparti som har vore ute etter dei som tidlegare har styrt byen.

Dette er ein dynamikk som pregar byrådet, medieoppslaga og Christine Meyer.

Det er likevel ein konsekvens av vala og handlingane til dei som har tatt på seg å styra byen.

Det er klart at alle desse negative oppslaga skuggar for nokre andre saker, som kanskje byrådet heller vil lesa om. Slik fungerer medielogikken.

Lagar ein rot, ja, då handlar overskriftene om rot. Håpet må vera at det vert mindre rot framover.

Media gjer òg feil, la det vera sagt. Dei gongane me gjer det, bør me òg leita etter det vanskelege ordet. Ordet er nemleg vanskeleg både for politikarar og mediefolk.

Sorry. Orsak. Unnskyld. Om forlating.

Kjære Erna Solberg. Beklagar at me i media gjer det vanskeleg for dei som styrer byen.

Unnskyld meg …

Det skulle då berre mangla. Alternativet hadde vore at media i Bergen ikkje hadde gjort jobben sin.

OTHER NEWS

5 hrs ago

Bitcoin-gruvearbeideren CleanSpark kjøper GRIID i en avtale på 155 millioner dollar

5 hrs ago

Biden vs Trump presidentdebatt i dag: her er hva du kan forvente

5 hrs ago

Sandefjord med rekordsalg for venstreving de kjøpte fra nivå tre i Sverige i fjor

5 hrs ago

Elden Ring sin Shadow of the Erdtree har mer enn 5 millioner spillere

5 hrs ago

Karoline Bjerkeli Grøvdal ble norgesmester på 5000 meter

5 hrs ago

Laksefisket er over i Norge

5 hrs ago

Må fjerne garasje etter 19 år – og betale 170.000 kroner

5 hrs ago

IOC har gitt ytterligere 39 russere og belarusere klarsignal til Paris-OL

5 hrs ago

Brødreduell i NM-finalen på 1500-meter: – Blir nok tøft

5 hrs ago

Navneforsker «frifinner» Roger og Raymond

5 hrs ago

Regjeringen inviterte til Pride-fest

5 hrs ago

Elden Ring's Shadow of the Erdtree har mer enn 5 millioner spillere

6 hrs ago

Det er bra at Unge Høyre er opptatt av verdens flyktninger

6 hrs ago

Minuttet etter at Khvicha Kvaratskhelia forlater EM-bobla brytes idyllen

6 hrs ago

Mistenkelig dødsfall i Sigdal

6 hrs ago

Danmark må droppe fregattbidrag til Nato

6 hrs ago

Jonas Gahr Støre skal skvise Erna Solberg med Sylvi Listhaug

6 hrs ago

Dramatisk økning i alkoholoverdoser i Norge

6 hrs ago

Batman tar opp kampen mot Gothams gangstere i Caped Crusader-trailer

6 hrs ago

Filip Ingebrigtsen til finale på 1500 meter i NM: – God respons

6 hrs ago

Nordås står over 1500-meteren i NM – løper 5000

6 hrs ago

Steffen Tangstad: Han slo knock out på hele Norge

7 hrs ago

Hitman 3 sitt første kjendisgjestemål blir Conor McGregor

7 hrs ago

USAs høyesterett stanser opioidforlik som skjermer Sackler-familien fra søksmål

7 hrs ago

Oppdrettsselskap får milliongebyr fra staten

7 hrs ago

Denzel Washingtons fem beste prestasjoner

7 hrs ago

KLP svartelister selskap - er tilknyttet krigføringen på Gaza

7 hrs ago

Vipers møter Mørk og Reistads Esbjerg i gruppespillet i Champions League

7 hrs ago

Garanterer Memeinator investeringer etter Binance CEOs bullish kommentarer om BTC?

7 hrs ago

Oligark ga de georgiske EM-heltene hundremillionersgave etter avansementet

7 hrs ago

Bare inn: VanEck søker offisielt om spot Solana ETF

7 hrs ago

Paul Walter Hauser hevder Vin Diesel "mishandler folk"

7 hrs ago

Walgreens Boots Alliance-aksjen nådde det laveste nivået siden 1997

7 hrs ago

Blackberry-aksjen stiger med 8 % på 1. kvartals inntektstakt: På tide å kjøpe?

8 hrs ago

NVE gir konsesjon til fire solkraftverk

8 hrs ago

Politiet advarer mot svindelforsøk

8 hrs ago

Kuppforsøk i Bolivia: – Så langt har demokratiet seiret

8 hrs ago

Genialt pakketips: Slik slipper du å skrive pakkeliste

8 hrs ago

Rekordmange sover på gata i London

8 hrs ago

Iuel enkelt til NM-finale