Nå må Vedum trekke i naudbremsen
HASTER: – Vi vil oppmode finansminister Vedum om å trekke i naudbremsen og forkaste skattemodellen og prisrådet.
Nå må Vedum trekke i naudbremsen
(Firdaposten): Det er no gått over eit år sidan Stortinget vedtok å innføre grunnrenteskatt på havbruk med tilbakeverkande kraft.
Ei samla sjømatnæring åtvara mot ein skattemodell som ikkje er tilpassa havbruket, beslaglegg investeringskapital, som opnar for systematisk feil skattlegging og som skapar eit enormt byråkrati både hos selskapa og hos myndigheitene.
Eit år seinare ser vi dessverre at åtvaringane slår til.
Heilt nye krav
Havbruksselskapa melder om eit svært uføreseieleg, kostbart og byråkratisk system som ein først no anar alle konturane av.
Sentralt i Vedums grunnrenteskattemodell er prisrådet. I staden for å la oppdrettarane betale skatt av si faktiske inntekt, skal eit prisråd bestemme kva pris dei skal skatte av. Dette prisrådet treng opplysningar, og frå 1. juli må alle oppdrettarar forhalde seg til heilt nye rapporteringskrav.
I desse må kvart enkelt sal fyllast ut manuelt i eit omfattande elektronisk skjema som går over fleire sider. I mange tilfelle må eit sal fordelast på fleire skjema, til dømes om salet inneheld forskjellige kvalitetar.
Kjem til å gå mange årsverk
Vi har anslått at det er over 130 000 transaksjonar i året i havbrukssektoren. Det seier seg sjølv at her kjem det til å gå mange årsverk land og strand berre til å fylle ut tal i eit skjema.
Dette er kapasitet havbruksselskapa ikkje har i dag og som dei må finne, innan 1. juli.
Det er også tid, pengar og folk som havbruket heller ville brukt til å skape fleire lønsame jobbar, vekst og verdiskaping langs kysten.
Når alt dette arbeidet er lagt ned i rapportering, er det ikkje ein gong sikkert at det er desse tala selskapet skal skatte av. Det blir opp til normprisrådet å bestemme kva prisen skal vere basert på rapporteringane til alle havbruksbedriftene – store som små.
Kan neppe seie seg einige
Finansdepartementet skreiv i sin pressemelding 29. juni 2023 at: «Metoden gir føreseielegheit, den er enkel å administrere, og den vil vere svært ressursbesparende, både for selskapa og skattemyndigheitene.» Det er neppe nokon oppdrettarar som kan seie seg einige i den uttalen.
I tillegg ser vi ei betydeleg kostnadsauke også for staten. Skatteetaten måtte nyleg i revidert nasjonalbudsjett tilførast over 50 millionar for å handtere skatteendringane som kom i 2023.
Med dette bakteppet kan vi ikkje forstå korleis regjeringa skal klare å oppfylle løftet i Hurdalsplattformen om å «Redusere næringslivets kostnader knytt til pålagde regler og utfylling av offentlege skjema med 11 milliardar kroner innan 2025.»
Vi vil oppmode finansminister Vedum om å trekke i naudbremsen og forkaste skattemodellen og Prisrådet. Havbruksnæringa må få skatte av den inntekta den faktisk har og fortsette å skape fleire lønsame jobbar langs kysten.